Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Händels Messias i Straumsnes kyrkje

april 5 @ 7:00 pm - 9:00 pm

Indremisjonsforbundets musikalske flaggskip, Divisi, kjem til Straumsnes kyrkje i Tingvoll kommune lørdag 5. april klokka 19.00 med ei oppsetting av G.F. Händels storverk, Messias. Dette er eit samarbeid med lokale sangarar og musikarar frå Sinfoniettaen i Kristiansund og Stavanger Symfoniorkester.

Divisi legg stor vekt på å formidle innhaldet i tekstene som handlar om Jesu liv og død. Frå profetiar i Det gamle testamentet, via evangelia, til det triumferande ”Verdig er du” frå Johannes openberring, blir tekstene malt ut i tonar. Vi gler oss til å fylle kyrkja med fantastisk musikk framført av eit stort kor med profesjonelle musikarar som tonefølge og inviterar alle til å bli ein del av ein flott kveld.

For å kjøpe billettar kan de følge linken til https://event.checkin.no/95892.

Billettane kostar 350 kr for ein enkeltbillett mens ein familiebillett kostar 600 kr. Konserten støttast av Gjensidige, Møremusikerordninga og Sparebankstiftelsen Nordvest saman med andre sponsorar. Konserten er ein del av Kulturvekkå i Tingvoll

Detaljer

Dato:
april 5
Tid
7:00 pm - 9:00 pm